Aina Basso (1) alderdom (1) Alf Kjetil Walgermo (1) ALMA-prisen (1) Alt som er galt med Georg (1) Anna R. Folkestad (1) Anne Gaathaug (1) Arbeidsstova (12) Arbeidsstova (4) Arks barnebokpris (1) Asbjørn Rydland (1) Aschehoug Forlag (1) Axel Hellstenius (1) Bak bøkene (30) BBrageprisen (1) Bikubesong (1) Bjarte Breiteig (1) Bjørn Sortland (3) Bok i Lofoten (1) bokbloggar (1) bokdama@work (1) bøker (1) bøker for gutar (1) bokfest (1) bokhora (1) boklansering (1) Brageprisen (1) Brian Selznick (2) Cappelen Damm (2) comorraen (1) Comorraland (1) Cormac McCarthy (1) deadline (1) debutant (3) dei nynorske festspela (1) den vanskelige andreboka (1) desperasjon (1) Det Norske Samlaget (2) dialog (1) Donnie Brasco (1) dramaturgi (1) Dukken (1) Eg elska deg mest (1) Eit vintereventyr (1) Få meg på for faen (1) Falturiltu (1) fantasy (1) fforfattar (1) film (1) filosofi (1) Fiolinane (1) forelskelse (1) forfattar (14) Forfattarar (29) forfattarbesøk (1) forfattarliv (1) forfatter (3) forfattere (1) forfattersentrum (1) forlagsfest (1) forlagsfolk (1) forlagsliv (1) frå bok til film (1) Frode Grytten (2) genialitet (1) Gunnar Ardelius (2) Guri Fjeldberg (1) halvmaraton (1) Hans Sande (1) Harald Rosenløw Eeg (1) heimstaddiktar (1) Heksebrenning (1) Hekseprosessane (1) Henrik And (1) hestebok (1) Hestenes klan (1) Hilde Hagerup (1) Hilde Kvalvaag (1) Himmelfallen (1) historiske romanar (1) hjartebøker (1) hjartefeil (1) hjartetransplantasjon (1) hjernebøker (1) Hugo Cabret (1) idear (1) IIngelin Røssland (1) Ingelin Røssland (5) Inger Hagerup (1) Ingunn Aamodt (1) Iselin B. Alvestad (1) Isnätterna (1) Jan Roar Leikvoll (1) Jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg og jeg elsker deg så himla høyt (1) Jessica Björkäng (1) Johanna Karlsson (1) Johanna Lindbäck (2) Johanna Ögren (1) Johanna Thydell (1) Johannes Heggland (1) Jon Fosse (1) Jostein Gaarder (1) Kagge Forlag (1) Karius og Baktus (1) Kirsebærsnø (2) kjærleik (1) Kjersti Instefjord (1) kkjærleik (1) Klaus Hagerup (1) Kritikar (1) Kunstdetektivene (1) Lars Mæhle (1) leselyst (1) Linde Hagerup (1) Litteraturfestivalen på Lillehammer (1) Live Bonnevie (1) mafia (1) Malin Isaksson (1) Mari Moen Holsve (1) Mariangela Cacace (1) Marlena Evensen (1) meiningar (1) Mia Berner (1) Minus meg (3) Mirakel (1) Morten Skårdal (1) motivasjon (2) novelle (1) Odda (1) Olaug Nilssen (1) Oppfinnelsen av Hugo Cabret (2) Phenomena (1) Pulverheksa (1) Renate Nedregård (1) research (2) roman (1) Romeo og Julie (1) Ruben Eliassen (1) Saganatt (1) salongen (1) Sigbjørn Mostue (1) Silje Stavrum Norevik (1) skildring (1) skrive bok (2) skrivekunstakademiet (1) skrivekurs (1) skriveprosess (1) Skrivetips (28) skrivetips (22) Sofies verden (1) språk (1) springe (1) Steve Jobs (1) styrke (1) Sverre Henmo (1) Svolvær barne- og ungdomsskole (1) tålmod (1) teater (1) Torbjørn Egner (1) Trening (1) turar i skog og mark (1) tvil (1) ungdomsbøker (4) Uprisen (1) Välkommen hem (1)

Kjøpa bok?



I desse nettbok-
handlane kan du
kjøpa bøker eg
har skrive, novelle-
samlingar eg er
med i og bøker
eg har omsett.

 

Lenker

Hei, eg er forfattaren Ingelin Røssland.
Her inne handlar det ikkje berre om meg. Du vil også få møta andre spanande og suksessrike bokfolk som vil røpa nokre av sine hemmeligheitar og skrivetips.
Dette er heilt enkelt bloggen for deg som oppteken av skriving, litteratur og som også er nysgjerrig på folka bak bøkene.
Håpet er at både du og eg vil læra noko nytt og nyttig.


onsdag
mai162012

Arbeidsstova: Ny tittel, nye kapittel men same historie

Den gamle tittelen var så poetisk og fin; "Kirsebærsnø"... Vondt å sleppa den, men den nye tittelen føler eg likevel er meir rett. "Eg elska deg mest".

Ein skal vera trygg og sterk for å vera den som elskar mest i eit forhold, sidan det ofte (i alle fall i umodne forhold) er den som elskar minst som sit med makta.

Og så trengte eg seks kapittel før eg kom til det som var starten på romanen i utgangspunktet. Denne innsikten kom etter hjelp frå Salongen.

Salongen?

Det er rett og slett fire forfattarar som møtest jamnleg og snakkar om tekst og dei prosjekta me jobbar med for tida. Ein får gode innspel frå kollegaer. Av og til treng teksten førstehjelp, då er Salongen god å ha. Det passar ikkje for alle å opna skriveprosessen for andre, men for meg er det gull verd.

Oppmuntring, innspel og ikkje minst MOTSTAND frå andre er viktig, og det er ikkje eit nederlag å spørja om hjelp.

Og ein annan ting: Det å gi andre oppmuntring og innspel på tekst, kan også vera med på å løysa knutar i eige hovud. Ein skal ikkje vera redd for å gi av seg sjølv så mykje som overhode mulig.

Eg har med andre ord ikkje berre fått eit teikn men fleire.

SÅ TUSEN TAKK FOR ALLE INNSPEL OG MUNTRE TILROP HER PÅ BLOGGEN OG PÅ FACEBOOK. For ikkje å snakka om min fantastike redaktør Kjersti Instefjord på Samlaget. De har alle forgylla min skriveprosess.

(Foto: Joar EM Klette)

 

 

fredag
mai042012

Arbeidsstova:Gi meg eit "føkkings" teikn!

Dei seinaste vekene har eg skrive berre drit. Transportstrekker i manus. Eg sit og kjedar meg sjølv. Samtidig så piskar eg meg vidare. Det er betre å skriva noko, å i alle fall gjera noko enn å sitja der å glo inn i skjermen.

Og eg har tenkt: Gi meg eit teikn! Gi meg eit gjennombrot!

Men det har hjelpt ca null og nix.... Desperasjon hjelper sjeldan. Men nett det er ikkje noko insikt å skryta av. Andre har tenkt det før meg. Alle andre har også skrive alt før meg. Eg veit at eg skal skriva det same som andre har skrive før, men på min måte. Men kva er min måte? Kva er min måte denne gongen?

Kva vil eg seia? Har eg noko å gi av verdi. Bør eg abortera manus til beste for omverda og meg sjølv?

Og så fann eg dette sitatet på Facebook i dag (staden der ein ikkje skal vera, fordi det er ein distraksjon og hjernen blir sikkert øydelagt av sosiale media, og det at eg har ein blogg gjer meg også til eit neady rævhol), men uansett eg blei litt oppmuntra:

Men eg tvilar like fullt, for kanskje Bukowski sa det for å trøysta seg sjølv?

 

onsdag
apr182012

Arbeidsstova: Deadline = avlogging

Eg er kvalm, redd, rastlaus, på grensa til irritabel...

Ja, alle teikn på at deadline nærmar seg er her. Er på andre gjennomskriving av manuset Kirsebærsnø, som skal bli min første roman for vaksne. For meg er det andre versjon som er den mest grundige gjennomskrivinga, mykje er på plass men enno kan mykje skje. Historia kan framleis ta nye vendingar og ofte endar andre versjon opp med ein heilt ny slutt.

DEADLINE for andre versjon er 7. mai. Det betyr at eg tar pause frå blogg og facebook men klarar kanskje ikkje å halda meg heilt unna twitter.

 

DET HJELPER ikkje på nervane at omslaget til romanen er så godt som ferdig, og at redaktøren har sett ein dato for utgjeving. Det er herlig at forlaget trur på meg, men det forpliktar også.

 

 Eg vil ikkje skuffa forlaget og redaktøren.

Eg vil gi dei det beste eg har inni meg.

Gjera meg fortent til denne tilliten.

Eg vil sjølvsagt ikkje skuffa lesarane heller, men eg har ingen vaksenlesarar frå før så eg veit ikkje heilt kva eg skal forventa meg der.

 

MEN NO, no er det berre å skriva,  tenka og forsvinna inn i historia.

 

PS: 8. mai er Bak bøkene tilbake med nye og spanande intervju, har mellom anna vore i Bergen og prata med ein prisløna illustratør og eit forlag med ein noko spesiell profil.

PS2: Omslaget er laga av Stian Hole! OG har du innspel på tittel eller har tankar om korleis omslaget ser ut, så kom igjen! Ser dette ut som ei bok du kunne tenka deg å lesa? Berre sånn ut frå omslag og tittel?

mandag
apr022012

Bak bøkene: Aina Basso

Gir røyst til historia

Aina Basso visste tidlig at ho ville skriva, og ho skreiv mykje frå tidlig alder utan heilt å få taket på kva det var ho ville seia. Først då ho begynte å studera historie stod det klart for henne. Ho hadde jo elska å lesa historiske romanar i oppveksten, no hadde ho verktøyet og kunnskapen til å skriva sånne bøker sjølv.

Fantasy er veldig populært for tida, og ein sjanger mange brukar til å fortelja sterke, dramatiske historiar og helst med ein viktig bodskap. Historiske romanar har kanskje ikkje same kommersielle slagkraft, men dei står på ingen måte tilbake for fantasyen når det kjem til dramatikk og viktige tema som også berører notidsmenneske.

På same måte som Aina slukte eg også eit lass historiske romanar i oppveksten, toppa med Sigrid Undset sine bøker om Kristin Lavransdatter i tidlige tenår.  Eg visste jo at det ikkje var sant det som stod i bøkene, men eg syntes det var spanande å få eit innblikk i korleis livet kunne ha vore før i tida. Ofte var det sånn at ein nesten kunne sjå si eiga samtid betre i lys av fortida.

BLODIG ALVOR

I sine så langt tre historiske romanar skildrar Aina enkeltmennesket si rolle i ei tid då folk ikkje hadde så mykje det skulle ha sagt i høve til overmakta. Det at ho ikkje fell for freistinga til å laga romantiske sluttar på bøkene sine, gjer at bøkene rører ekstra sterkt. I den første boka Ingen må vite handlar det om blodskam, i  Fange 59. Taterpige om ei ung jente som kjem bort frå følgjet sitt og hamnar på tukthus og i Inn i elden som kom no i vår, er handlinga lagt til hekseprosessane i Finnmark på 1600-talet. Og det var ingenting romantisk med hekseprosessane. 

HAR DU LESE HISTORISKE ROMANAR? OG HAR DU EIN FAVORITT?

 

Det er langt mellom dei historiske romanane som er skrive for ungdom for tida. Men har du lese Basso og er sugen på fleire gode historier, så er Svart gull av Olav Såtvedt  eit hot tips. Her handlar det ikkje om oljeeventyret, men om slavehandel. For var nordmenn heilt uskuldige i dette mørke kapittelet i historia?

 

Det er sjølvsagt meir å velja mellom når ein kjem til historiske romanar skrive for vaksne. Desse romanane kan også lesast av dei som er litt yngre. Det er jo ikkje aldersgrense på bøker. Heldigvis!

I videoen under fortel Aina Basso om Fange 59. Taterpige:

Besøk Ania Basso på bloggen hennar!

fredag
mar162012

Bak bøkene: Brian Selznick (Del 2)

Oppfinnelsen av Hugo Cabret: Frå ide til bok til film

Dette er andre del av mitt møte med forfattaren Brian Selznick og me snakkar om Oppfinnelsen av Hugo Cabret. Filmen som er basert på boka, har Noregspremiere i dag 16. mars, den har alt vunne ei rekkje prisar mellom anna fem Oscar. Filmen er regissert av Martin Scorsese.

På botnen

Då Brian Selznick starta det omfattande arbeidet med manuset som skulle bli verdsuksessen The invention of Hugo Cabret, hadde han møtt veggen og var nær ved å gi opp. Han hadde ingen idear til eigne bøker, men fekk eit illustratøroppdrag som han blei veldig glad for og sette i gong. Så fekk han den kjipe beskjeden om at han fekk sparken frå oppdraget fordi han ikkje var morosam nok i illustrasjonane sine. Det blei ein tur i kjellaren for Brian Selznick. Han blei både lei seg og deppa og bestemte seg for å ta seks månader fri frå alt og berre lesa. Og då han slapp taket i alt kom ideen til denne boka. Brian fortel at han blei så glad for at han endelig hadde fått ein idé at han gjekk inn i stoffet for fullt. Han tvilte på at nokon ville vera interessert i det han skreiv om, men han kunne ikkje la vera å følgja ideen sin likevel. Opphavlig hadde han tenkt at nokon andre skulle illustrera boka, sidan han ikkje syntes at han var bra nok sjølv. No i ettertid er han glad at han likevel tok sjansen på å gjera det også sjølv.

Vil du vita meir om boka, så kan du klikka på bilete til høgre og koma til ei ganske så fin nettside om boka:

 

DET ER POPULÆRT Å FILMA BØKER OG  OM DETTE ER  DET DELTE MEININGAR. KVA TENKER DU OM DET? BOK ELLER FILM?

 

Filmen har altså premiere i dag 16. mars, og under her er filmtraileren: